Stryn Kommune
Badevakt i Stryn symjehall
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Stryn
- Deltid, Fast, Fast
- Frist 8. november
- Lønn ikke oppgitt
Stryn symjehall er kommunal symjehall som ligg i Stryn sentrum tilknytt Stryn kulturhus. Symjehallen inneheld symjebasseng, barnebasseng, stupetårn, rutsjebane og sauna. Inngang og billettsal i tilknytning til Stryn kulturhus. Vi har ledige deltidsstilling for fast tilsetting.
Arbeidsoppgåver Som badevakt har du ansvar for tilsyn med badegjester i symjehallen samt generelt oppsyn med symjehallen / garderobar. Ansvar for opning og stenging av symjehallen. Arbeid etter arbeidsplan for symjehallen sine opningstider på kveld og helg. Vi har ledig deltidsstilling på 8,45% med arbeid for tida 3.kvar helg, laurdag og søndag. Ekstravakter kan bli aktuelt om du er interessert i å jobbe meir i periodar. Kvalifikasjonar Den tilsette må vere symjedyktig samt bestå førstehjelpskurs og symjeprøve som blir arrangert av arbeidsgjevar. Bestått Førstehjelpskurs og symjeprøve er obligatorisk for stillinga. Personlege eigenskapar Vi søker ein person som er fleksibel og med godt humør. Må vere ansvarleg, kunne jobbe sjølvstendig men også samarbeide med kollegar i teamet. Vi tilbyr Løn etter tariff Gode pensjonsordningar Arbeid i positivt miljø
Tilsetting etter lover og avtaler
Kontaktinformasjon Kåre Bruvoll Alme , kulturhusleiar, 94277853
Arbeidsstad Tinggata 18
6783 Stryn
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stryn Kommune