Workfinder

Seljetunet omsorg og rehabilitering, Stad kommune

Helsefagarbeidar ved Seljetunet 

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Helsefagarbeidar – fleire faste stillingar ved Seljetunet Vil du ha meir samanhengande fritid og påverke eigen turnus? Vi har frå dags dato fleire ledige faste stillingar i ulike stillingsstørrelsar og helg som helsefagarbeidar ved Seljetunet – og vi vil gjerne ha deg med på laget! Assistentar er òg velkomne til å søkje med oss. Dette får du hos oss

  • •Langvakter frå desember → meir fri, færre oppmøte
  • •Fleksibel turnus (årsarbeidsplan)
  • •Moglegheit til å påverke eiga arbeidstid og turnus
  • •Inntil 10 % frie timar – jobb ekstra når det passar deg
  • •Moglegheit for fleire helgar i turnus mot ekstra kompensasjon
  • •Sommaravtale med ekstra kompensasjon
  • •Eit miljø der vi testar nye løysingar og tenkjer nytt

Ein jobb med meining – og utvikling

  • •Hos oss jobbar du tett på menneske – og får brukt både fagkunnskap og personlege eigenskapar kvar dag.
  • •Du blir ein del av eit fagmiljø som:
  • •Satsar på utvikling og kvalitet
  • •Ønskjer nye idear frå tilsette
  • •Gir deg moglegheit til å påverke

• Er du lærling og snart ferdig, eller ønskjer du fagbrev? • Hos oss legg vi til rette for at du kan ta fagbrev på jobb! Om arbeidsplassen Seljetunet gir tenester til bebuarar i institusjon og bufellesskap. Vi har:

• 47 plassar totalt • 31 langtidsplassar i institusjon • 16 bemanna omsorgsbustader • Eigne tilbod innan korttids- og avlastingsopphald • Vi har også eige institusjonskjøkken og eit sterkt fokus på gode kvardagar for bebuarane våre. Kven er du?

  • •Du er helsefagarbeidar – eller ønskjer å bli det
  • •Du likar å jobbe med menneske
  • •Du er fleksibel og open for nye måtar å jobbe på
  • •Du ønskjer ein jobb der du kan utvikle deg

Arbeidsoppgåver

• Utføre pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav • Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer • Samarbeid med pårørande • Tverrfagleg samarbeid • Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart Kvalifikasjonar

• Offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar • Er du lærling oppfordrar vi deg til å søkje • Assistentar er òg velkomne til å søkje • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg • Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl. B Personlege eigenskapar

• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid • Tek initiativ og ansvar • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre • Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø • Fokus på etikk Vi tilbyr

  • •Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • •Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område kommunen har behov for
  • •Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • •Årsturnus der 10 % av stillinga kan vere frie timar.
  • •Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar og sommaravtale i turnus, mot ekstra kompensasjon
  • •Høve til å inngå avtale om langvakter på helg (kvar fjerde helg), og i vekedagane for lengre friperiodar
  • •Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • •Flyttegodgjersle
  • •Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Stad kommune har seks månader prøvetid. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Kontaktinformasjon Stine Fylling, Avdelingsleiar Seljetunet, 98482449, stine.fylling@stad.kommune.no

Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Seljetunet, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no

Arbeidsstad

6740 Selje

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5195086260

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.11.2026