Workfinder

Hå kommune Bø skule

Vil du vere med på å skape ein trygg og inkluderande skulekvardag for elevane våre?

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vi har ledig eit 90 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.11.2026 til 30.06.2027. Vi søker ein engasjert, varm og tydeleg vaksen som trivest med ein variert skulekvardag. Stillinga er knyta til 7. trinn, kor du vil jobbe tett på enkeltelevar både fagleg og sosialt, i mindre gruppe og i klasse. I tillegg innebærer stillinga arbeid på SFO der du er med på å leggje til rette for god leik, trivsel og kjekke aktivitetar før og etter skuletid, samt noko i skuleferiar. Vi søker deg som er: • trygg, varm og tydeleg med eit stort hjarta for barn • robust, fleksibel og trivest i ein til dels uforutsigbar kvardag • god til å bygge relasjonar, og skaper tillit både hos store og små • god på samarbeid, og bidreg positivt i arbeidsmiljøet Kvalifikasjonar • fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar • anna relevant utdanning kan verte vurdert • erfaring med oppfølging av barn som krev tett vaksenstøtte • gode norskkunnskaper, skriftleg og munnleg Attestar og vitnemål Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, gif, jpeg, jpg eller png, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Politiattest Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding. Tilsetjingsvilkår Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

Link til søknadsskjema: Søk her