Identitets- og tilgangsstyring, Helse Vest IKT
Fagspesialist identitets- og tilgangsstyring
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Bergen
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 9. november
- Lønn ikke oppgitt
Helse Vest IKT leverer IKT-tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Identitet er grunnmuren i alt vi leverer. Løysingane blir nytta av helsepersonell døgnet rundt og er kritiske for sjukehusa.
Active Directory er framleis kjernen i identitetsplattforma vår, og ho skal vere solid, sikker og godt forvalta. Samstundes er identitetsområdet i rask utvikling. Vi beveger oss mot skyidentitet og moderne protokollar som OAuth 2.0, OpenID Connect og SAML. Vi søkjer derfor ein erfaren AD-spesialist som ønskjer å vidareutvikle identitetsplattformene i Helse Vest.
Du får ei viktig rolle i fagmiljøet. Saman med resten av teamet vil du vere med på å sikre og vidareutvikle AD-plattforma, og vere ein pådrivar i overgangen til moderne identitetsløysingar. Vi arbeider aktivt for at pålogging til tenester skal vere brukervennleg, sikker og rask.
Arbeidsstad er Førde, Bergen, Haugesund eller Stavanger.
Arbeidsoppgåver Active Directory
• Forvalting, sikring og vidareutvikling av eit stort og komplekst AD-miljø • Sikkerheitsherding, privilegerte kontoar, delegering, Kerberos og gruppepolicyar • Feilsøking og problemløysing på tredjelinjenivå Modernisering og veien videre
• Vere med på å utvikle og modernisere strategien innan identitetsområdet • Vere ein pådrivar for å flytte applikasjonar og integrasjonar frå eldre autentisering (Kerberos/NTLM/LDAP) til OAuth 2.0, OIDC og SAML der det er formålstenleg • Gje faglege råd om identitet og autentisering i nye løysingar og ved anskaffingar Beredskap og gjenoppretting
• Utarbeide, vedlikehalde og teste planar for gjenoppretting av AD (forest recovery) og tilhøyrande identitetstenester • Bidra til robuste tryggingskopi- og gjenopprettingsløysingar for identitetsplattforma, inkludert isolerte og uforanderlege kopiar • Delta i beredskapsøvingar og handtering av hendingar, mellom anna ved sikkerheitshendingar som rammar identitetsinfrastrukturen Rådgivning og samarbeid
• Vere fagleg rådgivar for eigne fagmiljø, helseføretak og leverandørar • Bidra til etterleving av Normen, NIS2 og interne tryggleikskrav • Dokumentere og dele kunnskap i fagmiljøet Kvalifikasjonar Du har desse kvalifikasjonane:
• Relevant høgare utdanning innan IT. Relevant arbeidserfaring og personlege eigenskapar kan kompensere for manglande formell utdanning. • Solid erfaring med design, drift og sikring av Active Directory i store verksemder. • Erfaring med sikkerheitsarbeid i AD og god forståing av vanlege angrepsteknikkar mot identitetsinfrastruktur. • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. • Kan tryggleiksklarerast i samsvar med verksemdsforskrifta § 69. Det er ein fordel om du har erfaring med:
• Forståing av AD-arkitektur, replisering, DNS, GPO, Kerberos/NTLM og delegering. • Erfaring med Entra ID, hybrid identitet og Entra Connect / Cloud Sync. • God forståing av moderne autentiserings- og autorisasjonsprotokollar (OAuth 2.0, OIDC og SAML), og motivasjon for å vidareutvikle denne kompetansen. • Erfaring med andre identitetsleverandørar. • Planlegging og testing av AD forest recovery eller annan beredskap for kritisk infrastruktur. • PKI, særleg Microsoft AD CS. • PAM-løysingar og livssyklusforvalting av identitetar. • PowerShell eller anna automatisering. • Erfaring frå helsesektoren eller andre verksemder med høge krav til sikkerheit og tilgjenge. Personlege eigenskapar
• Du er nysgjerrig og likar å utforske ny teknologi. Samstundes veit du kva som skal til for å drifte kritiske system på ein trygg måte. • Du er ein trygg rådgivar som kan forklare komplekse tema for både teknikarar og beslutningstakarar. • Du er strukturert og grundig, har høg tryggleiksmedvit og held hovudet kaldt når det verkeleg gjeld. • Du deler kunnskap og bidreg til å løfte kollegaene rundt deg. • Personleg eignaheit vil bli vektlagd. Vi tilbyr
• Interessante utfordringar med moglegheit for fagleg og personleg utvikling. • Moglegheit til å forme framtidas IKT-løysingar innan helsesektoren. • Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet. • Deltaking i spennande oppgåver innan lokale og regionale prosjekt. • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer. • Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid. • Løn etter avtale. • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar. • Ein trygg arbeidsplass med føreseielege rammer. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Frode Langeland, Seksjonsleiar, +47 91719912
Arbeidsstad Bjørnsons gate 29
5052 Bergen
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Vest IKT