Oppvekstsjef, Klepp kommune, Tenesteområde barn og unge
Vikar - Klepp barnevernsteneste
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Kleppe
- Heltid, Vikariat, Vikariat
- Frist 9. november
- Lønn ikke oppgitt
Klepp barnevernteneste søker to engasjerte vikarar i 100 % stilling til arbeid med undersøkingar og oppfølging av familiar. Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du arbeider tett saman med barn, unge og foreldre for å skape positive endringar. Du blir del av eit arbeidsmiljø med engasjerte og dedikerte kollegaer som er opptekne av å gi gode tenester til barn og familiar. Barneverntenesta er inne i ei spennande utvikling, der vi arbeider med å styrkje kvalitet, fagleg samarbeid og gode arbeidsprosessar. Som medarbeidar hos oss får du moglegheit til å bidra aktivt til utviklinga av tenesta og vere med på å forme vegen vidare.
Arbeidsoppgåver
- •Saksbehandling knytt til undersøking og oppfølging etter barnevernslova
- •Samtalar med barn, unge og foreldre
- •Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- •Kartlegging, vurdering og oppfølging av hjelpetiltak
- •Bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid i tenesta
Vi arbeider for ein kultur der ingen står aleine i krevjande saker, og der samarbeid, støtte og deling av kompetanse er ein naturleg del av kvardagen. Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som:
• Brenn for å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar • Har bachelor i barnevern, sosialt arbeid eller anna relevant helse- og sosialfagleg utdanning • Er student på siste studieår og klar for å ta med deg fagleg engasjement inn i arbeidslivet • Kommuniserer tydeleg og skaper gode relasjonar • Har erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar, eller eit sterkt engasjement for feltet • God norskkunnskaper munnleg og skriftleg • Har førarkort klasse B Personlege eigenskapar For å trivast hos oss trur vi at du:
• Har engasjement for barn, unge og familiar • Skaper tillit og gode relasjonar • Er nysgjerrig, reflektert og fagleg interessert • Tek ansvar og viser initiativ • Handterer ein variert arbeidskvardag med både fleksibilitet og struktur • Ser verdien av samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø • Ønskjer å vere med på å vidareutvikle tenesta våre • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. For stillingen kreves det uttømmende og utvidet politiattest i henhold til barnevernsloven. Vi tilbyr
• Ei meiningsfull og variert stilling med moglegheit til å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar • Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og hjelpsame kollegaer • Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver • Moglegheit til å påverke og bidra i vidareutviklinga av tenesta • Rettleiing, samarbeid og erfaringsdeling i det daglege arbeidet • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk Kontaktinformasjon Jette Frafjord Østrått, Leder for klepp tverrfaglige team, +47 90523005
Arbeidsstad Olav Hålands Veg 2
4351 Kleppe
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Klepp kommune