Lom Kommune Sentraladministrasjon
Barne- og ungdomsarbeidar i 100 % fast stilling
Vil du vere med og bidra til ein trygg og inspirerande barnehagekvardag i Lom?
Lom kommune har ledig to 100 % faste stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i barnehage. Vi ønskjer oss nokon som har eit ekte engasjement for barn, og som vil bidra til gode opplevingar, tryggleik og utvikling i kvardagen.
Kven ser vi etter?
Du møter barn og vaksne på ein open og respektfull måte og har eit godt blikk for behova til det enkelte barnet. Du trivst med å vere ein del av eit lag, men kan også ta ansvar og arbeide sjølvstendig. Du er fleksibel, finn gode løysingar og bidreg positivt i arbeidsmiljøet.
Vi ønskjer at du
- •er til stades og oppmerksam i møte med barna
- •er omsorgsfull, trygg og tydeleg
- •tek ansvar og initiativ i kvardagen
- •samarbeider godt med føresette og kollegaer
- •er fleksibel og løysingsorientert
- •likar å vere ute og delta aktivt i leik og aktivitetar
- •er interessert i fagleg utvikling
Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer helst at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men oppmodar også ufaglærte til å søkje. Har du dei rette personlege eigenskapane og eit ekte engasjement for arbeid med barn, ønskjer vi gjerne å høyre frå deg.
Vi ønskjer også at du
- •har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- •gjerne har relevant erfaring frå arbeid med barn
Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine
- •Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna
- •Leggje til rette for leik, læring og utvikling
- •Byggje gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
- •Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar
- •Bidra i utviklinga av det pedagogiske arbeidet i barnehagen
Vi tilbyr
- •Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
- •Eit godt fagmiljø på tvers av barnehagane, med moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
- •Tariffesta løns- og pensjonsvilkår
- •Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
- •Flotte omgjevnader og gode moglegheiter for å bruke naturen i barnehagekvardagen
Praktisk informasjon
- •Det er krav om godkjend politiattest ved tilsetjing
- •Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
- •Namn på søkjarar blir offentleggjorde i samsvar med gjeldande regelverk
