Workfinder

Kinn kommune

Er du fysioterapeut ?

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Fysio- og ergoterapiavdelinga i Kinn, avdeling Måløy, har ledig 100% fast stilling som fysioterapeut. Kontorstad er på Kulatoppen omsorgssenter. Som fysioterapeut vil du jobbe i team med ein fysioterapeut og to ergoterapeutar. Stillinga som fysioterapeut har fokus på helsefremjande og førebyggande arbeid retta mot innbyggarar i alle aldrar. Stillinga inneber vurdering, rettleiing og behandling. Gjennom tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og individuelt tilpassa tiltak, skal tenesta bidra til å fremje funksjon, meistring, deltaking og god helse gjennom heile livsløpet.

Arbeidsoppgåver Hovudarbeidsoppgåver:

• Ha eit spesielt ansvar for tilbod til barn. • Gjere kartlegging og vurdering av brukaren sin fysiske funksjon. • Sikre gode og tilpassa treningsopplegg og bruk av systematisk verktøy. • Oppfølging gruppetrening. • Vere ein koordinator og sikre gode pasientforløp for brukarane som er inne til rehabilitering og korttidsopphald. Andre aktuelle arbeidsoppgåver:

• Samhandle tverrfagleg med øvrig personale i ulike teneste, spesialisthelsetenesta, fysio- og ergoterapi tenesta i Kinn kommune. • Delta på tverrfaglege møter. • Ha god dialog med heimen, heimetenesta og andre samarbeidspartar for planlegging og evt. tilrettelegging i heimen som sikrar raskare behandling og restituering. • Administrative oppgåve som blant anna dokumentasjon i EPJ-system. • Lymfødem oppfølging. • Sikre rett bruk av hjelpemiddel, opplæring og oppfølging. Kvalifikasjonar

• Norsk autorisasjon som fysioterapeut • Spesialkompetanse i lymfedrenasje eller er villig til å ta dette • Gode kunnskapar i norsk, både munleg og skriftleg • Førarkort klasse B • Gode datakunnskapar • Gyldig politiattest Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar:

• Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert • Du er ein lagspelar og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø • Er fagleg oppdatert og engasjert • Gode kommunikasjonsferdigheite og samarbeidsevne • Godt humør og stå-på-vilje • Er sjølvstendig og tek ansvar • Målretta, strukturert og profesjonell • Å vere personleg skikka blir vektlagt • Er framtidsretta og har fokus på velferdsteknologi Vi tilbyr

  • •Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø
  • •Fast 100% stilling på dagtid mandag – fredag
  • •Faglege utfordringar
  • •Personleg utvikling
  • •Kompetanselønssystem
  • •Tilrettelegg for kompetanseheving i tråd med tenesta sin kompetanseplan
  • •Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • •God pensjonsordning

Kontaktinformasjon Anita Norstrand, Avdelingsleiar , 415 36 130

Katrine Holvik Skinlo, Tenesteleiar, +47 97531483

Arbeidsstad Ytre Kulen 73

6718 Deknepollen

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5194748272

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.11.2026