Ulstein Verft AS
HR Coordinator
Vil du jobbe tett på menneske og drift i ein spanande maritim kvardag? Vi søker ein ny medarbeidar til HR teamet vårt, som kan bidra til å sikre god HR støtte i eit inkluderande miljø. Som HR‑koordinator blir du ein viktig støttespelar i HR‑teamet og i samhandling med leiarar og tilsette i skipsbyggingsområdet i Ulsteinkonsernet. Stillinga vil ha fokus på HR‑administrasjon og etterleving av gjeldande lover og regelverk. Du vil jobbe tett på verksemda og menneska, der struktur, samhandling og kvalitet er avgjerande.
Arbeidsoppgåver
• Koordinere og støtte HR‑prosessar gjennom heile medarbeidarsyklusen • Administrere og kvalitetssikre person- og stillingsdata i HR‑systema • Bidra i oppfølging av prosessar mellom anna innan • Arbeidstid • Sjukefråvær • Kompetanseheving (Ulstein Academy) • Dokumentasjon knytt til lov‑ og avtaleverk • Bidra i rekrutteringsprosessar, samt on- og offboarding • Bidra til forbetring og standardisering av HR‑rutinar og prosesser • Generell HR støtte til organisasjonen Kvalifikasjonar
• Relevant utdanning innan HR og administrasjon • Erfaring frå HR‑administrativt arbeid er ein fordel • Systemforståing • Grunnleggande forståing for arbeidsrett og HR prosessar Personlege eigenskapar
• Samarbeidsorientert og tydeleg i kommunikasjon • Evne til å skape tillit og gode relasjonar • Serviceinnstilt, fleksibel og løysingsorientert Vi tilbyr
• Ei spanande HR‑stilling i ei framtidsretta maritim verksemd • Arbeid tett på dei menneskelege ressursane • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • Moglegheit for fagleg utvikling innan HR og maritim industri • Konkurransedyktige vilkår Kontaktinformasjon Ann-Kristin Hatløy Fiskaa, HR Manager, 950 224 68
Arbeidsstad Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS
