Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste
Tilkallingsvikar i helse og omsorg
Sektor helse og omsorg tilbyr innbyggjarane i Volda kommune ulike tenester. Vi har i perioder behov for nye tilkallingsvikarar. Vi treng både sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar, assistentar og personar med sosialfagleg kompetanse. Vi har behov for motiverte og dyktige personar som liker å arbeide med menneske. Inntak av nye vikarar vert gjort fortløpande ved dei seksjonane som har behov. Ver venleg å oppgi namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. Skriv gjerne også kva felt/ avdeling du er mest interessert i. Erfaring, kompetanse, referansar og personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.
Dei ulike avdelingane som kan ha behov for vikarar:
- •Institusjon (Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter)
- •Heimetenester (Heimesjukepleie og døgnbemanna omsorgsbustadar)
- •Rus og psykisk helseteneste
- •Bu og habilitering
Arbeidsoppgåver Arbeidet består i helse- og omsorgsoppgaver til innbyggjarar i Volda kommune. Det vil vere ulike stillingsinstruksar ut frå kva avdeling og fagområde det gjeld. Kvalifikasjonar
• Du må være over 18 år gammal • Du må kunne norsk språk meget godt både munnleg og skriftleg • Du må ha vanleg datakunnskap • Du må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid • Det er ein fordel med erfaring fra tilsvarende arbeid, men det er ikkje eit krav • Faglærte, samt studentar innan relevante fagområder innan helse og sosialfag blir prioritert • I nokre seksjonar er det behov for førerkort klasse B for manuell gir. Ver venleg å oppgi dette i søknaden • Du må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før oppstart i arbeid. For arbeid ved sjukeheim må ein også levere eigenerklæring for mrsa. Personlege eigenskapar
• Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske • Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane • Liker utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver • Tar initiativ og ansvar • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø • Er strukturert og presis når det gjeld arbeidstid Vi tilbyr
• Lønn etter gjeldande tariff • Sjølvstendig og variert arbeid • Tilgang på elæringskurs frå Glup • Høve til fagleg og personleg utvikling • Triveleg arbeidsmiljø Kontaktinformasjon Elsebeth Melle, Avdelingsleiar heimeteneste, 91130521, Elsebeth.melle@volda.kommune.no
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@vooda.kommune.no
Malene Rovde, Avdelingsleiar Rus og psykiatri, 99011980, malene.rovde@volda.kommune.no
Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar bu og habilitering, reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.no
Arbeidsstad Barstadmarka 2
6102 Volda
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Volda kommune
