Workfinder

Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF

Overlege palliasjon 

ÅlesundHeltid, Fast, Fast

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Vil du vere med å forme framtidas palliative teneste i Møre og Romsdal?

Ved Kreftavdelinga Ålesund sjukehus har vi ledig 100 % fast stilling som overlege i palliativt team frå 1. april 2027. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk lege som ønskjer å bidra til utvikling av palliasjon som fagfelt, og til å gi pasientar og pårørande behandling og oppfølging av høg kvalitet.

Palliativ medisin er eit fagområde i sterk utvikling og omfattar avansert symptomlindring, medisinske vurderingar, kommunikasjon og tett samarbeid med både spesialist- og kommunehelsetenesta. Stillinga gir unikt høve til å arbeide breitt klinisk og samtidig bidra til fagutvikling, undervisning og samhandling på tvers av nivåa i helsetenesta.

Vi lyser i utgangspunktet ut stillinga som ei fast 100 % stilling, men vi oppmodar også legar som ønskjer deltidsstilling eller kombinasjonsstilling til å søkje. Det kan vere aktuelt å dele stillinga mellom to søkjarar, om ein ser dette som mest hensiktsmessig gjennom søknads - og tilsettingsprosessen.

Om palliativt team; Palliativt team ved Ålesund sjukehus er organisert i Kreftavdelinga og arbeider tett saman med andre spesialistar, sjukepleiarar og andre faggrupper kring pasientar med alvorleg sjukdom og komplekse symptom. Teamet har ei sentral rolle i samhandlinga mellom sjukehuset og kommunane, og bidreg med rådgiving, rettleiing og kompetansebreidding til helsepersonell i heile regionen. Arbeidet omfattar pasientar med kreftsjukdom, men og pasientar med andre alvorlege og livsavgrensande sjukdomar som har behov for spesialisert palliasjon.

Arbeidsoppgåver • Polikliniske konsultasjonar • Oppfølging av inneliggande pasientar ved Sengepost for kreft og blodsjukdommar, og ved andre avdelingar • Vurdering og prioritering av tilvisingar • Ambulant verksemd og heimebesøk • Deltaking i tverrfaglege møte • Rådgiving og rettleiing til helsepersonell i sjukehus og i kommunehelsetenesten • Undervisning og kompetansebygging innan palliasjon • Bidra til kvalitetsarbeid, fagutvikling og vidareutvikling av tenesta • Eventuell deltaking i forsking og innovasjonsarbeid Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som lege • Godkjend spesialist innan relevant fagområde. Særleg aktuelle spesialitetar kan vere onkologi, anestesiologi, indremedisin, allmennmedisin eller andre fagområde med relevans for palliasjon • Interesse for eller erfaring frå palliasjon • Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg • Erfaring frå samhandling mellom kommune- og spesialisthelseteneste er ein fordel

Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • har eit sterkt engasjement for pasientbehandling og livskvalitet • møter pasientar og pårørande med respekt, tryggleik og empati • trivst med tverrfagleg samarbeid • er fagleg nysgjerrig og ønskjer å vidareutvikle tenesta • arbeider sjølvstendig og strukturert • bidreg positivt til arbeidsmiljøet Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Ei spennande stilling i eit fagområde med aukande betydning i helsetenesta • Eit inkluderande og kompetent tverrfagleg fagmiljø • Varierte arbeidsoppgåver og høg grad av sjølvstende • Gode moglegheiter for kompetanseutvikling innan palliasjon • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. Kontaktinformasjon Synnøve Haram Rotnes, Seksjonsleiar, 90140721, synnove.haram.rotnes@helse-mr.no

Arbeidsstad Åsehaugen 15

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5185242166

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.10.2026