Høyanger kommune Høyanger skule/SFO
Spesialpedagog/lærar
2. gongs utlysing. Høyanger skule har ledig 100 % stilling som spesialpedagog/lærar frå snarast. Stillinga er øyremerkt elevar med behov for tilrettelagt undervisning.
Kvalifikasjonar
• Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen, med spesialpedagogikk i fagkrinsen • Det er elles nødvendig med kompetanse i grunnleggjande lese- og skriveopplæring, grunnleggjande matematikk (inkludert programmering) samt engelsk for ungdomsskulen. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere.
Personlege eigenskapar som blir tillagt stor vekt
- •Ønskje og vilje til å tileigne seg ny kunnskap og ferdigheiter
- •Særleg god relasjonskompetanse
- •Positivitet
- •Fagleg engasjement
- •Fleksibilitet
- •Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- •Eit triveleg personale, som legg vekt på sosiale møtepunkt
- •Høve til kompetanseutvikling
- •Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”.
- •Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
- •Lønn etter gjeldande tariffavtale
- •Gode pensjons- og forsikringsordningar
- •Hjelp til å skaffe kommunal bustad
Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett. Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg. Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.
Kvifor Høyanger?
- •Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
- •Eit rikt lag- og organisasjonsliv
- •Fokus på samskaping og samarbeid
- •Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på tlf. 97073335 og høyr erfaringane hans. Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
