Workfinder

Medisinsk klinikk/ Seksjon for klinisk ernæring, Helse Bergen HF

Klinisk ernæringsfysiolog

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Klinisk ernæringsfysiolog til forskingsprosjekt Seksjon for klinisk ernæring, Haukeland universitetssjukehus søker engasjert og forskingsinteressert klinisk ernæringsfysiolog til arbeid med forskingsprosjektet "Persontilpassa ernæringsbehandling til eldre pasientar med kreft" (NutriCa65). NutriCa65 er eit Europeisk tverrfagleg multisenter forskingsprosjekt som skal utvikle og evaluere persontilpassa ernæringsbehandling og undersøke korleis ernæringsbehandling påverkar livskvalitet for eldre pasientar med kreft. Prosjektet er eit samarbeid mellom kliniske og akademiske miljø og har som mål å styrke kunnskapsgrunnlaget for ernæringsbehandling i kreftomsorga.

Seksjon for klinisk ernæring har 17 stillingsheimlar for kliniske ernæringsfysiologar og tilbyr ernæringsbehandling til både innelagde og polikliniske pasientar. I tillegg til pasientbehandling har seksjonen fokus på forsking, fagutvikling, undervising og innovasjon.

Dette er ei spennande stilling for deg som ønsker å kombinere klinisk ernæringsarbeid med forsking og fagutvikling, og som vil bidra til å utvikle framtidas ernæringsbehandling for eldre pasientar med kreft.

Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåver knytt til forskingsprosjektet:

• Gjennomføring og koordinering • Rekruttering og oppfølging av deltakarar • Individretta ernæringsbehandling • Innsamling og registrering av data • Samarbeid med kliniske avdelingar og forskingspartnerar lokalt og i samarbeidsland • Undervisning og opplæring av deltakarar, pårørande og helsepersonell • Delta i møte, rapportering og anna aktivitet knytt til prosjektet Kvalifikasjonar

• Autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog • Erfaring frå spesialisthelsetenesta, gjerne med kreftpasientar og/eller eldre pasientar • Erfaring frå forskingsprosjekt og forskingsarbeid, dokumentert ved doktorgrad, vil bli vektlagt • Erfaring med planlegging og gjennomføring av prosjekt er ønskeleg • Gode kommunikasjons- og formidlingseigenskapar • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg • Gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som:

• Har interesse for forsking og kunnskapsutvikling • Kombinerer klinisk arbeid med interesse for systematisk datainnsamling og forsking • Arbeider strukturert, sjølvstendig og målretta • Er fleksibel og tilpassingsdyktig i eit prosjekt der behov og arbeidsoppgåver kan variere • God til å samarbeide • Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr

  • •Ei unik moglegheit til å jobbe i skjeringspunktet mellom klinisk praksis, forsking og fagutvikling
  • •Deltaking i eit spennande og framtidsretta forskingsprosjekt med stor klinisk relevans
  • •Eit sterkt fagmiljø
  • •Utviklande arbeidsoppgåver og forskingskompetanse
  • •Løn etter gjeldande overeinskomst
  • •Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • •Aktivt bedriftsidrettslag og godt sosialt miljø

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Linn Anja Slåke Vikøren, Seksjonsleiar, 98298303

Arbeidsstad Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5201907176

Stillingsprosent: 80%

Fast

Startdato: 01.01.2027

Søknadsfrist: 12.11.2026