Workfinder

Høyanger kommune Høyanger skule/SFO

Barne- og ungdomsarbeidar

Lagt ut for 38 dager siden, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

2. gongs utlysing

Høyanger skule har ledig 100 % stilling frå snarast. Stillinga er øyremerkt elevar med behov for ekstra ressursar i skulekvardagen. Arbeidstida følgjer ikkje skuleåret.

Arbeidsoppgåver

  • •Assistere elevane i og utanfor undervisningssituasjonen
  • •Ein- til ein oppfølging og også arbeid i elevgrupper. Blir ein del av kollega-team rundt elevane.
  • •Organisere, leie og gjennomføre aktivitetar med barn i SFO
  • •Bidra til positivt elevmiljø

Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere.

Kvalifikasjonar

  • •Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Alternativt vil søkjarar med fagbrev som helsefagarbeidar eller aktivitør kunne bli vurdert
  • •Norskkunnskapar på minimum B1 nivå
  • •Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med utfordrande åtferd blant barn

Personlege eigenskapar som blir tillagt stor vekt :

  • •Særleg evne til å skape gode relasjonar
  • •Positivitet
  • •Gode kommunikasjonsevner
  • •Fleksibilitet
  • •Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • •Eit triveleg personale, som legg vekt på sosiale møtepunkt
  • •Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
  • •Lønn etter gjeldande tariffavtale
  • •Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • •Hjelp til å skaffe kommunal bustad

Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett. Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg. Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.

Kvifor Høyanger?

• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi • Eit rikt lag- og organisasjonsliv • Fokus på samskaping og samarbeid • Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m. Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på tlf. 97073335 og høyr erfaringane hans. Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

Link til søknadsskjema: Søk her