Fitjar Bu- Og Behandlingssenter og heimebaserte tenester
ID 1045 Sjukepleiar, 80 % fast stilling på natt
Helse og omsorg Fitjar har ledig 80% fast stilling på natt, turnus med jobb kvar 3. helg
Sjukeheimen har 2 avdelingar, ein somatisk avdeling og ein skjerma avdeling. Heimebaserte yter hjelp til bebuarar i eigen heim. Nattpatruljen har base på sjukeheimen og reiser ut på oppdrag etter avtale og tilkalling.
Me har mange flotte medarbeidarar i eining for helse og omsorg, og søkjer no etter sjukepleiar som kan jobba sjølvstendig og i team. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vikariatet kan bli forlenga.
Me treng deg som
- •Er fagleg sterk
- •Er strukturert og pliktoppfyllande
- •Likar å ta ansvar og føl dette opp
- •Er stabil og påliteleg
- •Er kreativ og praktisk
- •God på å skape relasjonar med pasientar, pårørande og kollegaer
- •Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet
- •Yt tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk
- •Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- •Har gode samarbeidsevne
- •Har evne til å ta imot og gje kollegaveiledning
Kvalifikasjonskrav
- •Autorisert sjukepleiar
- •Helsefagarbeidar kan bli vurdert for vikariatet
- •Sertifikat klasse B
- •Høg arbeidskapasitet og arbeidsglede
- •God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, og gode grunnleggande datakunnskapar
- •Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
- •Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me tilbyr
- •Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø.
- •God forsikrings- og pensjonsordning.
- •Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
- •Offentlig tenestepensjon i KLP
- •Opplæring og rettleiing.
Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk. Vitnemål og attestar takast med ved innkalling til eit evt. intervju.
I ferieavviklinga har leiarane ferie på ulike tidspunkt. Om du vil kontakte nokon angåande stillingane så prøv einingsleiar Olav Sande og avdelingsleiarar Marte Kristin Maraas om du ikkje får tak i kontaktpersonen som er oppgitt.
