Nav Øygarden
Ønskjer du ein variert arbeidskvardag med menneske og fag i sentrum?
Nav Øygarden held til i moderne og trivelege lokale sentralt på Straume. Vi er om lag 80 engasjerte medarbeidarar fordelt på fire avdelingar som kvar dag jobbar for å gi gode og heilskaplege tenester til innbyggjarane i kommunen. Hos oss får du dyktige kollegaer, eit inkluderande arbeidsmiljø og moglegheit til både fagleg og personleg utvikling.
No har vi ledig ei spennande stilling som rettleiar i Avdeling Tenesteavklaring.
Dette er ei variert stilling der du får arbeide med saksbehandling, kartlegging og oppfølging av menneske i ulike livssituasjonar. Du vil møte problemstillingar som krev både fagleg vurderingsevne, samarbeid og gode relasjonelle ferdigheiter. Gjennom arbeidet får du bidra til at fleire kan kome i arbeid og aktivitet, samstundes som du er med på å sikre viktige velferdsrettar.
Kva går jobben ut på?
• saksbehandle søknader om arbeidsavklaringspengar • klagehandsaming • vurdere vilkår for sjukepengar og andre problemstillingar knytte til sjukefråværsoppfølging • kartlegging og vurdering etter NAV-lova § 14 a • oppfølging og rettleiing av brukarar • samarbeid og kontakt med andre instansar i NAV • bidra til fagleg utvikling og kompetansedeling • delta i vaktordninga for drop-in-mottaket Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha
• fullført utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis innan jus eller samfunnsfag. Relevant erfaring og/eller kompetanse kan kompensere for utdanningskravet. • erfaring frå offentleg forvaltning • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk • god digital kompetanse Det er ein fordel om du har
• erfaring med saksbehandling • erfaring med oppfølging og rettleiing av brukarar Kven er du?
• du er løysingsorientert og har god evne til å gjere faglege vurderingar • du møter ulike menneske på ein trygg, respektfull og profesjonell måte, også når situasjonen er krevjande • du arbeider strukturert og held oversikt i ein travel arbeidskvardag • du klarer å omstille deg mellom ulike oppgåver, situasjonar og menneske Kvifor velje oss?
• meiningsfylt oppgåver innenfor eit viktig samfunnsområde • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer • moderne og helsefremmende kontorlokale (ABW - aktivitetsbasert arbeidsplass) • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida • stilling som rettleiar i stillingskode 1434, med lønnsspenn frå kr. 639.000 til kr. 660.000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast. • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon Nina Susanne Andersen, Nav leiar, 971 69 980, nina.andersen@nav.no
Arbeidssted Grønamyrvegen 18
5353 Straume
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Nav
