Workfinder

Fjord1 - Maritim Drift

1.maskinist i 2:2 turnus  

BoknHeltid, Fast, FastFrist 29. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Vi søker no etter ein 1.maskinist til sambandet Arsvågen–Mortavika, p.t. MF Raunefjord. Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Dette er ei ordning som gir god balanse mellom jobb, familieliv og fritid. I rolla som 1. maskinist har du eit stort ansvar i drifta av fartøyet og fungerer som maskinsjefen sin stedfortredar. Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du vil her jobbe på eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda, i ein travel, men trygg kvardag med godt samarbeid.

Oppstart er så snart som mogleg, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare. Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.

Arbeidsoppgåver

• Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem. • Oppgåver iht. alarminstruks • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav. • Samarbeid med maskinsjef for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden. • Sjå til at personell som utfører arbeid i maskin nyttar verne- og tryggleiksutstyr. • Utvikling og opplæring av personell som er underlagt maskin. • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt. • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar. • Ansvar for bunkring av gass og olje. • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn. • Oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde. • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert. • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde. • Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Kvalifikasjonar

• Kompetansesertifikat M2 • Sikkerhetskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta • Ferdigheitssertifikat, vidaregåande IGF • FSE lav- og høyspenning • Krise- og passasjerhandtering • Gyldig helseerklæring • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskapar Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert 1.maskinist med teknisk innsikt, og god kommunikasjonsevne. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag.

Vi tilbyr

• Konkurransedyktig løn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår. • Dagskift, 2 veker på og 2 veker av. • Ein kan bu ombord i arbeidsperioden. • Treningsrom om bord i fartøyet. • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår. • Reise er ikke dekket. Kontaktinformasjon Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

Arbeidssted E39

5561 Føresvik

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift

Referansenr.: 5195066327

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.10.2026