Gloppen kommune
Ungdomsassistent i barnehage
Har du ledig tid etter skulen, ein dag eller to i veka, og har du lyst til å jobbe i barnehage? Dei kommunale barnehagane i Gloppen vil gjerne tilsetje deg som går i 9. klasse og oppover til ein ekstrajobb. Du søkjer på stillinga her og skriv kva barnehage du kan tenkje deg å jobbe i. Så kan du ta kontakt med styrar i aktuell barnehage for å seie at du har søkt. Det vil vere rom for ein til to ungdomar i kvar barnehage.
Arbeidsoppgåver Du får vere med å hjelpe barna, og vere i aktivitet saman med dei. Samt å bli med på andre praktiske oppgåver i barnehagen. I arbeid med barn i barnehage må du bruke språket aktivt og sette ord på det du ser og gjer saman med barna. Du må vere aktivt deltakande i leik og aktivitet. I arbeidet er det viktig at du inviterer barn inn i aktivitet. Du må sette grenser og legge til rette for at barn opplever meistring ved å prøve å klare sjølv. Du må elles arbeide etter dei rutiner som gjeld på den aktuelle avdeling.
Kvalifikasjonar • Du treng ingen spesielle kvalifikasjonar anna enn at du er motivert for å jobbe i barnehage. • Alder 9. klasse og oppover Personlege eigenskapar • Du er punktleg, fleksibel og kan ta ansvar og initiativ • Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner. • Du kan snakke norsk og likar å vere i aktivitet med barn i alderen 0-6 år Vi tilbyr • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale • God opplæring og oppfølging Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Kontaktinformasjon Else Lundestad Bakkelid, Barnehagestyrar Mona barnehage, 970 95 123
Anette Støyva, Barnehagestyrar Breim barnehage, 468 73 568
Lisbeth Risøy Kvellestad, Barnehagestyrar, 41876670
Anne Kristin Risøy Eimhjellen, Rektor Hyen skule og barnehage, 924 07 655
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875
Arbeidsstad Grandavegen 9
6823 SANDANE
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Gloppen kommune
