Teknisk drift og infrastruktur, Vinje kommune
Utbyggingsleiar
Vinje kommune står framfor fleire spennande og omfattande utbyggingsprosjekt og søkjer difor ein utbyggingsleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er organisert i tenesteområdet Teknisk drift og infrastruktur (TDI) og rapporterer til kommunalsjef TDI. Utbyggingsleiaren vil ha det overordna ansvaret for kommunen si prosjektportefølje innan byggje- og anleggsprosjekt, og spele ei sentral rolle i planlegging, styring og gjennomføring av prosjekt frå tidlegfase til ferdigstilling. Teknisk drift og infrastruktur er ei sentral eining i kommunen og har ansvar for drift, vedlikehald og forvaltning av mellom anna veg, vatn, avløp og kommunale bygg. Eininga har òg ansvar for prosjekt- og byggjeleiing av kommunen sine investeringsprosjekt innan desse fagområda. Prosjekta spenner frå mindre vedlikehalds- og rehabiliteringstiltak til større og komplekse utbyggingar, som til dømes skulebygg, helsebygg, vassverk, avløpsanlegg og veganlegg. Utbyggingsleiaren vil vere ein sentral pådrivar for å sikre god framdrift, kvalitet, økonomistyring og måloppnåing i prosjekta.
Arbeidsoppgåver
• Leie og koordinere kommunale bygge- og anleggsprosjekt frå tidlegfase til ferdigstilling. • Vere byggherre sin representant i gjennomføringa av prosjekt. • Planlegge og fylgje opp prosjekt i høve framdrift, økonomi, kvalitet og HMS. • Utarbeide og fylgje opp konkurransegrunnlag, anbod og kontrakter i tråd med gjeldande regelverk. • Leie og koordinere prosjekteringsarbeid i samarbeid med rådgjeverar, brukarar og andre relevante aktørar. • Utarbeiding av politiske saker, og rapportering til administrativ og politisk leiing. • Delta i budsjett- og økonomiplanarbeid knytt til investeringsprosjekt. • Delta i utvikling og oppfølging av kommunen si investeringsportefølje. • Oppgåver knytt til drift og forvaltning innanfor tenesteområda kan òg inngå i stillinga. Kvalifikasjonar
• Ingeniørutdanning frå høgskule eller universitet innan bygg eller andre relevant fagområde. • Erfaring frå prosjektleiing og byggjeleiing. • God forståing for økonomistyring, kontraktsoppfølging og prosjektgjennomføring. • Erfaring frå prosjektering er ynskjeleg. Personlege eigenskapar
• Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert. • Gode samarbeidsevner og evne til å skape resultat i samhandling med andre. • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Vi tilbyr
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar • Faglege oppdaterte og dyktige kollegaer • Arbeidsmiljø med fokus på den gode arbeidsplassen • Løn etter avtale og kvalifikasjonar. Stillinga er plassert i HTA kapittel 5. • Kilometergodtgjering etter statens satsar, mellom arbeidsstadene • Gode barnehagetilbod • I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. • I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. • Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju Kontaktinformasjon Kjetil Midtgarden Vaagen, Kommunalsjef teknisk drift og infrastruktur, 41447411, kjetil.vaagen@vinje.kommune.no
Arbeidsstad Vinjevegen 192
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vinje kommune
