Workfinder

Longva barnehage, Haram kommune

Barne- og ungdomsarbeider

LongvaDeltid, Vikariat, VikariatFrist 26. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Longva barnehage ligg flott til midt på øya på Flemsøy/Skuløy. Barnehagen har naturen tett på, med gode høve til turar i skog, fjell og fjøre, som vi nyttar heile året til utforsking, leik og læring. Longva barnehage vart ny kommunal barnehage i Haram 1. august 2025, og har i dag 21 barn frå 1-5 år, og ei personalgruppe med god fagleg kompetanse.

Longva barnehage har behov for ein vikar i 60 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar. Vi søker deg som er trygg og engasjert, og som set barnet sitt beste i sentrum og bidreg til fellesskap, trivsel og kvalitet i barnehagen. Det er viktig at du både kan arbeide sjølvstendig og vere ein god lagspelar. Hos oss får du høve til å vere med og skape ein trygg og utviklande kvardag for barna. Har du ikkje fagbrev, men anna relevant erfaring med arbeid med barn, så er det berre å søkje! Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggjarane våre – og vi spelar kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

• Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn • Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa • Bidra til at kvart enkelt barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe • Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga, innanfor gjeldande lovverk og rammene ein har blitt einige om • Delta aktivt i barnehagen sitt endrings- og utviklingsarbeid • Omsette teoretisk kunnskap til praksis og ta fagleg initiativ i det daglege arbeidet • Gjennomføre systematisk observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar • Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande og vise forståing og respekt Kvalifikasjonar

• Ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og erfaring frå barnehage, men dette er ikkje eit krav

• Levere godkjent politiattest av nyare dato • Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova §27

• Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningsliner Personlege eigenskapar

• Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring • Jobbe sjølvstendig • Vere ein pådrivar både i det praktiske og det faglege arbeidet • Halde deg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass og elles vere fagleg oppdatert • Jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping • Vere bidragsytar på personalmøte og planleggingsdagar og i oppfølging av kurs • Reflektere over eige arbeid og søkje rettleiing ved behov • Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus • Sette seg personlege mål og vere synleg i gruppa • Vere ein aktiv, leiken, engasjert og trygg vaksen • Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar • Halde tidsfristar, møte presis på jobb og vere klar når vakta startar • Vere ein god rollemodell, ein inkluderande medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø • Personlege eigenskapar og gode referanser vil bli vektlagt • Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju Vi tilbyr

• Eit utviklingsorientert, fagleg miljø og stimulerande omgjevnader • Løn etter gjeldande tariff • God pensjonsordning Kontaktinformasjon Reidunn Rogne Flem, Styrar, 99526013, reidunn.rogne.flem@haram.kommune.no

Arbeidsstad Øvstevegen 212

6293 Longva

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5189649589

Stillingsprosent: 60%

Vikar

Startdato: 02.11.2026

Sluttdato: 18.07.2027

Søknadsfrist: 26.10.2026