Svelgen omsorgssenter, Bremanger kommune
Helsefagarbeidar ved Svelgen Omsorgssenter
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Svelgen
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 4. november
- Lønn ikke oppgitt
Er du helsefagarbeidar og ønskjer deg ei trygg, fast stilling i eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø? Svelgen omsorgssenter har no ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar. Svelgen omsorgssenter stod ferdig i 2016 og er eit moderne og tilrettelagt bu- og arbeidsmiljø. Her bur pasientane i lyse, trivelege omgjevnader – og du får ein arbeidsplass med gode fasilitetar og dyktige kollegaer. Vi har 48 bueiningar fordelt på fem avdelingar, organisert etter diagnosar og hjelpebehov. I tillegg har vi eit lindrande rom. Arbeidskvardagen er variert, lærerik og gir deg brei erfaring på kort tid. Vi arbeider i årsturnus, der du får moglegheit til å påverke eiga arbeidstid og fritid.
Arbeidsoppgåver Som helsefagarbeidar hos oss vil du få ei variert og meiningsfull rolle. Du vil mellom anna:
• Arbeide med ei brei pasientgruppe med ulike medisinske behov • Gi heilskapleg omsorg og ivareta individuelle behov • Mogelegheit til å delta i ressursgrupper innan t.d. rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft • Bidra til dokumentasjon, rettleiing og undervisning • Samarbeide tett med kollegaer på tvers av avdelingar Kvalifikasjonar (overskrift)
- •Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- •Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- •Evne til å arbeide godt i team
- •Fleksibel og positiv til endringar
- •Politiattest av nyare dato
Vi ser etter deg som er motivert, fagleg engasjert og trygg i rolla di. Du trivst med menneske, tek ansvar og ønskjer å bruke kompetansen din til det beste for pasientane våre. Du må kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og behandlingsmetodar, og bidra til eit godt og profesjonelt arbeidsmiljø. Serviceinnstilling og personleg eignaheit blir vektlagt.
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
- •Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- •Gratis barnehage
- •Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
- •Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
- •Rekrutteringstilskot til nytilsette; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
- •Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
I tillegg får du
- •Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
- •Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
- •Rekrutteringstilskot til helsefagarbeidar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet.
- •Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
- •Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
- •Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
- •Senioravtale for tilsette over 62 år
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear! Kontaktinformasjon Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310
Arbeidsstad Granden 1
6723 Svelgen
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Bremanger kommune