Helse og koordinerande eining
Medarbeidar i teneste for psykisk helse- og rus
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Hareid
- Heltid, Vikariat, Vikariat
- Frist 28. oktober
- Lønn ikke oppgitt
Tenesta for psykisk helse og rus er organisert under helse og koordinerande eining i sektor for velferd. Stillinga vi har ledig er eit vikariat i inntil 100 prosent stilling med varigheit på seks månader. Vi ønskjer at du kan starte snarast, og det kan vere mogleg at vikariatet vert forlenga. Jobben er knytt til samtaleoppfølging, gruppetilbod, kursverksemd og anna relevant arbeid. Vi ønskjer at du kan bidra positivt inn i eininga, og vere med på å oppretthalde kontinuitet og kvalitet i tenestene.
Arbeidsoppgåver
• miljøterapeutisk arbeid på gruppe- og individnivå • kartlegging, støttesamtalar og rettleiing • tett tverrfagleg samarbeid i kommunen og med eksterne samarbeidspartnarar • rapportering og dokumentasjon • delta på ansvarsgruppemøte og samarbeidsmøte • bidra i ulike lågterskeltilbod • delta i utviklingsarbeid Kvalifikasjonar For å bli vurdert for stillinga må du som hovudregel ha treårig høgskuleutdanning innan til dømes sjukepleie, barnevern, psykologi, vernepleie eller sosialt arbeid. Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus vil bli vektlagt. Anna relevant fagutdanning eller relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.Personlege eigenskapar
• imøtekomande og med evne til å skape tillit og gode relasjonar • god ansvarsforståing, kommunikasjonskompetanse og samarbeidsevne • du må vere trygg på deg sjølv og i stand til å handtere utfordrande situasjonar • vi verdset at du er omsorgsfull, sjølvdriven og løysingsorientert • evne til å arbeide sjølvstendig og i team • gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og munnleg • personlege eigenskapar vil bli vektlagde Du må ha førarkort klasse B. Før du tek til i stillinga, må du leggje fram politiattest av ny dato. Vi tilbyr
- •ein triveleg og spanande arbeidsfellesskap med fagleg dyktige kollegaer
- •varierte arbeidsoppgåver med høve til fagleg utvikling
- •løn etter gjeldande tariffavtale
Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Attestar og vitnemål skal lastast opp og leggjast ved søknaden. Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og avtaleverk.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsetjingar. I samsvar med offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du ønskjer reservasjonsrett, må dette grunngivast i søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal førast opp på søkjarlista. Du vil i så fall bli kontakta før offentleggjering.
Kontaktinformasjon Perdis Holstad, Einingsleiar, +47 95891281
Arbeidsstad Teigevegen 55
6060 HAREID
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Hareid kommune