Workfinder

Ullensvang kommune Vikebygd skule

100% stilling som lærar ved Vikebygd skule

NåHeltid, Fast, FastFrist 31. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

100% fast stilling som lærar ved Vikebygd skule.

Ei av våre kjekke kollegaer skal vidare i anna jobb, og det vert difor ledig 100% fast stilling som lærar frå 01.01.2027 ved Vikebygd skule. Vikebygd skule er ein fådelt barneskule med 29 elevar, i skuleåret 2026-2027, som ligg på Nå i Ullensvang kommune. Her møter ein eit dyktig og engasjert personale og herlege elevar. Skulen ligg fint plassert med tilgong til både eit fint uteområde og eit rikt nærområde med mange moglegheiter. Vi nyttar oss aktivt av tilgang til fjord og fjell i både undervisning og SFO-tilbod.

Arbeidsoppgåver

  • •Arbeide for eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø.
  • •Planleggja og gjennomføra variert undervisning i tråd med LK 20 og gjeldande lovverk.
  • •Delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.
  • •Bidra til eit godt skule-heim samarbeid og samarbeid med eksterne partar.
  • •Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • •Det kan verte aktuelt med kontaktlæraransvar.

Kvalifikasjonar

  • •Godkjend undervisningskompetanse.
  • •Det er ynskjeleg med kompetanse i faga musikk, mat & helse, KRLE, matematikk og kroppsøving. Andre fag er òg av interesse.
  • •God kompetanse innan klasse- og læringsleiing.
  • •God IKT-kompetanse.
  • •Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg.
  • •For tilsetjing innan skule, vert det stilt krav om politiattest.

Personlege eigenskapar

  • •Er positiv og samarbeidsvillig.
  • •Kan jobbe sjølvstendig og ta raske avgjersler.
  • •Er ein varm og tydeleg klasseleiar med stort fokus på elevane sitt læringsmiljø.
  • •Er ansvarsbevisst, fleksibel og har gode kommunikasjonsevner.
  • •Er løysingsorientert og omstillingsdyktig.
  • •Behandlar barn, føresette og kollegaer med respekt.

Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing.

Vi kan tilby

  • •Eit trivelig arbeidsmiljø prega av hektiske dagar og fliring i gangane.
  • •Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar.
  • •Ei tilgjengeleg leiing som ynskjer å spele på lag med deg.
  • •Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • •Veletablerte permisjons- og senioravtalar.
  • •Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø.
  • •Gode utviklingsmoglegheiter.
  • •Bedriftshelseteneste.
  • •Rekrutteringstilskot i form av stipend til nytilsette lærarar/adjunkt/lektor på kr. 30 000,- etter eit års teneste, og kr. 30 000,- etter 2 års teneste.

Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Link til søknadsskjema: Søk her