Bjørgvin DPS/ C1 Tertnes døgnbehandling, Helse Bergen HF
Nattevakt - Helsefagarbeidar
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Tertnes
- Deltid, Fast, Fast
- Frist 10. november
- Lønn ikke oppgitt
Vil du jobbe innan psykisk helsevern?
Ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS), C1 Tertnes døgnbehandling, har vi ledig ei fast 40% stilling som helsefagarbeidar på natt, med oppstart frå januar 2027 eller etter avtale.
C1 er ein open allmennpsykiatrisk døgnpost med 15 sengeplassar. Vi tilbyr utgreiing, behandling og stabilisering til vaksne pasientar med ulike psykiske lidingar. Behandlinga er tverrfagleg og tar utgangspunkt i den enkelte pasienten sine behov, ressursar og mål. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der samarbeid, tryggleik og god pasientbehandling står sentralt. Vi har per i dag ei turnusordning med arbeid kvar fjerde helg ved C1.
Arbeidsoppgåver
• Miljøterapeutisk arbeid og oppfølging av pasientar med psykiske lidingar • Bidra til tryggleik, stabilitet og gode rammer for pasientane under opphaldet • Observere og vurdere pasientane sin psykiske og fysiske helsetilstand, og formidle relevante observasjonar til ansvarleg behandlingspersonell • Delta i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasientane • Utføre praktiske og pasientretta oppgåver i tråd med gjeldande rutinar og eige kompetanseområde • Dokumentere helsehjelp i elektronisk pasientjournal • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og aktivt delta i kvalitets- og forbetringsarbeid Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar • Erfaring frå psykisk helsevern er ønskjeleg, men ikkje eit krav • Erfaring frå døgnbehandling, miljøterapeutisk arbeid eller tilsvarande pasientretta arbeid er ein fordel • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Grunnleggjande digitale ferdigheiter og evne til å bruke elektroniske dokumentasjonssystem Personlege eigenskapar
• Du er trygg, roleg og omsorgsfull i møte med menneske i krevjande livssituasjonar • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Du arbeider strukturert og ansvarsmedvite, og kan gjere sjølvstendige vurderingar innanfor eige ansvarsområde • Du er fleksibel og kan handtere både føreseielege og uventa situasjonar • Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet og deler kunnskap og erfaringar med kollegaer • Du møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt, openheit og profesjonalitet Vi tilbyr
- •Ei fast 40 % nattstilling ved Bjørgvin DPS C1
- •Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne kollegaer
- •Eit meiningsfylt arbeid med oppfølging og behandling av menneske med psykiske lidingar
- •Varierte arbeidsoppgåver og høve til fagleg utvikling
- •Opplæring og rettleiing tilpassa erfaring og kompetanse
- •Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale
- •Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Julie Christine Løseth Silver, Ass. seksjonsleiar, 90624772
Øyvind Thomassen, Seksjonsleiar, 91810934
Arbeidsstad Tertnesveien 37
5113 Tertnes
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF