Workfinder

Maritim Drift, Fjord1 AS

Vil du bli vår nye maskinsjef?

MoldeHeltid, Fast, FastFrist 19. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Solholmen-Mordalsvågen , p.t. MF Ivar Aasen. Som maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring, samtidig som du jobbar med eit triveleg og inkluderande mannskap. Turnus er 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt. På Ivar Aasen har vi ei valfri 7/12 ordning, som inneber at man i tillegg til ordinær skiftplan forpliktar seg til 7 ekstravakter som takast i løpet av året. For desse 7 ekstravaktene vert du kompensert for 12 vakter, derav 6 nattevakter og 6 dagvakter. I tillegg får man i ordninga heile året dekka reise utover 30km, til og frå arbeid første og siste tur. Mordalsvågen - Solholmen er ei fin rute der du får pausar både midt på dag og på natt. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • •Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav.
  • •Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
  • •Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.
  • •Opplæring av personell under si leiing.
  • •Oppgåver knytt til alarminstruks.
  • •Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.
  • •Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
  • •Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
  • •Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
  • •Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
  • •Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
  • •Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar

  • •Minimum M3-sertifikat
  • •Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • •Krise- og passasjerhandtering
  • •Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

• Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. Vi tilbyr

• Vi tilbyr ei attraktiv stimuleringordning der du ved å arbeide 7 ekstra dagar årleg får løn tilsvarande 12 overtidsvakter. • Reiseutgifter vert dekka ved første og siste reise i arbeidsperiodar der reiseavstanden overstig 30 km. • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. • Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap. • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. • Skiftordning: 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt. • Treningsmoglegheiter om bord. Kontaktinformasjon Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518

Arbeidsstad

6411 Molde

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift

Referansenr.: 5126802066

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 19.10.2026