Workfinder

Strandebarm omsorg

Helsefagarbeidar

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Søk jobb som helsefagarbeidar i Strandebarm omsorg!

• 80 % fast stilling • Stillinga er ledig frå 1. desember 2026, tiltreding etter avtale • Stillinga er i årsturnus, for tida med arbeid på dag og kveld samt arbeid 3.kvar helg Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me held til i nytt omsorgssenter i Strandebarm. Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen.

Arbeidsoppgåver Hos oss ved Strandebarm omsorg tilbyr me tenester til brukarar i institusjon, omsorgsbolig og i heimetenesta.

  • •Gje god omsorg, stell og pleie i høve til dagsplaner, rutinar og prosedyrar
  • •Ivareta bebuarane sin eigenverd og sjølvstende
  • •Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
  • •Oppgåver knytt til pasientoppfølging
  • •Dagleg journalføring i Gerica

Kvalifikasjonar

• Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar • Er du nyutdanna eller lærling i helsefag siste lærehalvår vert du oppmoda om å søkja • Du må kunne arbeida sjølvstendig og i team • Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande B2 • Gode kommunikasjonsevner • Må ha førarkort på bil Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar

• Gode samarbeidsevner • Fleksibel og sjølvstendig i arbeidet • Du må ha positiv innstilling • Vera serviceinnstilt, engasjert, ta ansvar og vera løysingsorientert Vi tilbyr

  • •Variert arbeidsdagar med arbeid både inne i institusjon/omsorgsbustad og ute i heimetenesta
  • •Gode kollegaer i eit godt fag -og arbeidsmiljø
  • •Årsturnus med moglegheit for langvakter
  • •Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnsystem
  • •Gode pensjons-/ forsikringsordningar

Generell informasjon

  • •Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak.
  • •I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • •Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Kontaktinformasjon Elisabeth Svåsand, Gruppeleiar i Strandebarm, 918 17 408

Arbeidsstad Tangeråsneset 25

5630 Strandebarm

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5188986097

Stillingsprosent: 80%

Fast

Startdato: 01.12.2026

Søknadsfrist: 01.11.2026