Allmennpsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Helsesekretær/ sekretær
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Ålesund
- Heltid, Vikariat, Vikariat
- Frist 3. november
- Lønn ikke oppgitt
Avdeling for sjukehuspsykiatri tilbyr nye og spanande utfordringar i eit dynamisk og godt fagmiljø i merkantilt team. Vi har ledig eit 100% vikariat i perioden 01.12.26- 31.01.28 Avdeling for sjukehuspsykiatri er lokalisert ved Ålesund sjukehus. Avdelinga består av 6 seksjonar: Lokal sikkerhetspsykiatri, Akutt psykisk helse, Psykose, Allmennpsykiatri, Alderspsykiatri og Spesialisert Habilitering. Vi er ei avdeling med ulike arbeidsfelt innan psykiatrien, der vi både har ein akuttfunksjon, og har planlagte behandlingsforløp. Du vil verte ein del av et felles team som skal bidra til å løyse og dele faglege utfordringar i felleskap til beste for hele avdelinga. Stillinga er for tida knytt til Allmennpsykiatri, men med tett samarbeid med dei andre sekretærane. Allmennpsykiatri er ein open akuttpost med 14 sengeplassar. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient. Seksjonen har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta.
Arbeidsoppgåver
• Diverse arbeid i ulike datasystem som for eksempel: Helseplattformen, Elements, SAP og ajourhold RS • Ekspedering i skranke og telefon/sentralbord • Registrering (vedtak innan psykisk helsevern, diagnosar m.m.) • Førebu dokumentasjon til klagesaker. • Innleige av personal/registrering av fråvær. • Lønskøyring. Kvalifikasjonar
• Helsesekretær eller anna helsefagleg utdanning • Erfaring fra helsefagleg ekspedisjonsarbeid, eller arbeid som sekretær • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg. • Gode datakunnskaper. • Kjennskap til Helseforetaket sine ulike system er ein fordel Personlege eigenskapar
- •Du viser gode samarbeidsevne.
- •Du er serviceinnstilt, høfleg og imøtekomande over for kollega, pasientar og andre besøkande.
- •Du har evne til å arbeide sjølvstendig.
- •Du er løsningsorientert og fleksibel.
- •Personlege eigenskapar vil verte vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her Kontaktinformasjon Siri Charlotte Johnsen, Seksjonsleiar, Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.no
Arbeidsstad Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF