Workfinder

Stryn Kommune

Kulturhusmedarbeidar

StrynDeltid, Fast, FastFrist 25. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Stryn kulturhus er lokalisert i Stryn sentrum og er ein sentral møtestad for kultur og fritidsaktivitetar i Stryn kommune. Kulturhuset har kino, kultursal og ein symjehall. Den daglege drifta handlar hovudsakleg om konferanse og utleige av møterom, kinoforestillingar og kulturarrangement, samt diverse kiosk og kaffibardrift. Utlysinga gjeld deltidsstilling på ca.20% som vil inngå i turnusplan på kulturhuset med arbeid på kveld og helg. Næraste overordna er leiar av kulturhuset. Kulturhuset høyrer til under kulturavdelinga i etat for samfunnsutvikling.

Arbeidsoppgåver - Ansvar for klargjering av kultursal, foajé og møterom i kulturhuset - Billettsal - Kaffibar og kiosksal - Klargjering og køyring av kino - Ellers anna nødvendig arbeid knytt til drift av kulturhuset

Vi oppfordrar deg som fattar interesse for stillinga om å ta kontakt med kulturhusleiar for nærare informasjon om stillinga og arbeidsplan. Kvalifikasjonar - God data og IKT-kompetanse - Erfaring og/eller fagbrev frå servicebransjen er ein fordel men ikkje eit krav. - God norskkunnskap, både skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar - Må kunne jobbe sjølvstendig i eit til tider hektisk miljø - Har evne til å skape gode relasjonar - Positiv og serviceinnstilt - Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr - Variert arbeid i eit positivt miljø - God pensjonsordning i KLP - Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement - Løn etter avtale.

Kontaktinformasjon Kåre Bruvoll Alme , Kulturhusleiar, 94277853

Arbeidsstad Tonningsgata 4

6783 Stryn

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 5191315403

Stillingsprosent: 20%

Fast

Søknadsfrist: 25.10.2026