Workfinder

Linja AS

Er du vår nye energimontør i Valldal?

ValldalHeltid, Fast, Fast

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Vi er mange i Linja som har ansvar for å byggje og drive straumnettet, mellom fjordar og fjell frå Askvoll i sør til Ålesund i nord. Det gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit nyskapande næringsliv her. Linja er eit av dei største nettselskapa i landet. Vi forsyner over 100 000 kundar med straum. Vi er 275 tilsette, inkludert 15 lærlingar.

Våre energimontørar har spennande arbeidsdagar, i dagleg drift og i beredskapssituasjonar. No styrker vi miljøet vårt i Valldal.

Arbeidsoppgåver

  • •Oppgåver knytt til dagleg drift, inspeksjonar, vedlikehald, fornying og kapasitetsauke i Linja sine nettanlegg, kabel/linje opp til 132 kV
  • •Deltaking i Linja sin beredskap
  • •Veilede og vere eit godt førebilete for våre lærlingar

Kompetanse

  • •Fagbrev som energimontør, alternativt andre fagbrev innan elektro som kan føre til energimontør
  • •Erfaring frå bygging, drift og vedlikehald av nettstasjonar og linje-/kabelanlegg
  • •Førarkort klasse B er eit krav, det er også ønskeleg med klasse BE
  • •Erfaring med bruk av digitale verktøy
  • •Gode HMS-haldningar
  • •Fleksibilitet, initiativ og samarbeidsevne er viktige eigenskapar

Vi kan tilby

  • •Godt og sikkert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • •Konkurransedyktige vilkår
  • •Jobb i eit spennande teknologiselskap
  • •Ein jobb med meining!

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk for mellom anna å verifisere opplysningar i CV og annan dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir utført av Semac etter at kandidaten er orientert om dette og har gitt sitt samtykke.