Workfinder

Hildre Montessoribarnehage As

Vi søkjer barnehagelærar til Hildre Montessoribarnehage

HildreHeltid, Vikariat, Vikariat

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Hildre Montessoribarnehage søkjer ein engasjert barnehagelærar i 100% vikariat. Vikariatet varer frå 01.11.2026 til mai 2027. Vi er ein liten barnehage i naturnære omgjevnader. Vil du bidra til varme og trygge dagar for barna?

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar

  • •Utdanning som barnehagelærar
  • •Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • •Erfaring frå barnehage
  • •Interesse for eller nysgjerrigheit på montessoripedagogikk
  • •Gode digitale ferdigheiter
  • •Gyldig politiattest må leverast før oppstart

Personlege eigenskapar

  • •Du er varm, trygg og god på relasjonar
  • •Du er fleksibel, løysingsorientert og engasjert -- og trivst i ein barnehage i utvikling
  • •Du er open, inkluderande og skapar tillit i møte med barn, foreldre og kollegaer
  • •Du kommuniserer godt
  • •Du er leiken, aktiv og likar å bruke naturen i arbeidet
  • •Du bidreg til eit positivt, profesjonelt og utviklingsorientert arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagde.

Arbeidsoppgaver

  • •Arbeide med barn 0--6 år i tråd med barnehagelova, rammeplanen og montessoripedagogikken
  • •Vere ein aktiv, leiken og observant vaksen som støttar kvart enkelt barn
  • •Skape ein trygg og god barnehagedag gjennom varme, leik og tydelegheit
  • •Planleggje og gjennomføre aktivitetar i det montessoriforbredte miljøet
  • •Bidra til gode lærings- og sosialmiljø i barnegruppa
  • •Samarbeide med kollegaer og bidra positivt i det daglege arbeidet
  • •Ha godt foreldresamarbeid og kommunisere tydeleg og respektfullt
  • •Følgje barnehagen sine rutinar, rettleiing og HMS‑prosedyrar

Vi tilbyr

  • •100 % vikariat frå 1. november 2026 som barnehagelærar i eit lite og trygt miljø
  • •Lønn etter gjeldande tariff og gode pensjonsordningar
  • •Varierte, spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • •Engasjerte og positive kollegaer, føresette og barnehageeigarar
  • •Naturnære omgjevnader, med fine turområde og små barnegrupper
  • •Høve til å bli del av eit større montessorimiljø

Det krevst godkjend politiattest før oppstart.