Vik kommune Vik barnehage
Vik kommune har ledig 100 % fast stilling i Vik barnehage avd. Vangsnes
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Vik I Sogn
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 1. november
- Lønn ikke oppgitt
Vik barnehage avd. Vangsnes har ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar frå 01.01.2027.
Krav til kompetanse Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller tilsvarande. Anna relevant utdanning eller praksis kan vega opp for manglande fagbrev.
Personlege eigenskapar
• Du er engasjert og omsorgsfull. • Du brenn for å jobbe med barn og vil ta ansvar for barna sin trivsel. • Du er fleksibel og samarbeidsvillig - du trivst med å samarbeide med både kollega og foreldre. • Du er ansvarsbevisst - du tek ansvar for barna sin tryggleik og trivsel. • Du har evne til å skape eit inkluderande og trygt miljø for barna. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- •Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.
- •Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- •Den som blir tilsett må levera politiattest av nyare dato.
Andre opplysningar Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.