Vindafjord kommune Oppvekst
Ringevikar
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Skjold
- Deltid, Annet
- Frist 31. desember
- Lønn ikke oppgitt
Bli ringevikar i Skjold barnehage! Me har behov for engasjerte og fleksible ringevikarar som kan stille på kort varsel. Kanskje er du ein ungdom med friår som ynskjer å jobbe med barn? Eller kanskje er du heimeverande og kunne tenkje deg ein meiningsfull og variert jobb i eit triveleg miljø? Arbeidet vil vere på ulike avdelingar, både med småbarn og storbarn. Me ser etter deg som har lyst til å bidra, saman med eit fagleg sterkt og inkluderande personalteam. Me kan tilby:
• Ein jobb med meinig og faglege utfordringar som vil gi deg meistring. • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast. • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong med den nye rolla di. • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Kvalifikasjonar:
• Du har lyst og interesse for å arbeide med barn. • Du er personleg eigna for å jobba i barnehage. • Erfaring med å jobba med born er ynskjeleg. Personlege eigenskapar:
• Du er positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik, og er villig og positiv til å arbeide med fleire aldersgrupper. • Du må lika å vere i samtale med barn og kunne bruke språket aktivt saman med barna. • Du må kunne bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid mellom kolleger. • I Vindafjord nyttar me nynorsk som skriftspråk, og du må kunne prata og forstå godt norsk. Personlege egenskaper vert vektlagt. Andre opplysningar:
• Skjold barnehage har åtte avdelingar, og ligg på Vikaneset, nær sjø og skog. • Me har eit aktivt og engasjert personale, med fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette. Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.