Sunnfjord kyrkjelege fellesråd
Er du ein erfaren leiar som likar vekslinga mellom praktisk og administrativt arbeid?
Lagt ut for 4 dager siden, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Førde
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 22. november
- Lønn ikke oppgitt
Kyrkjene og kyrkjegarden betyr mykje for folk i Sunnfjord, her samlast vi i både sorg og glede. Fellesrådet ønskjer at både gravplassane og kyrkjebygga framstår velstelte, at forvaltninga er profesjonell og effektiv og at tilsette har gode rammer for sitt arbeid. No søkjer vi ein assisterande kyrkjeverje som skal bidra til nettopp dette.
Du blir næraste leiarkollega og ein viktig sparringspartnar for kyrkjeverjen, og tek del i leiargruppa. Du får ansvar for gravplassdrifta og gravferdsforvaltninga, inkludert personalansvar for kyrkjegardsarbeidarar og kyrkjetenarar. Du har overordna ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg og utstyr. Du planlegg vedlikehald, følgjer opp tiltak og leverandørar og har ansvar for HMS og brannvern.
Dette er deg
• Du har erfaring med personalleiing og trivst med både planmessig oppfølging og raske avklaringar. • Du tilpassar deg endringar, held roen når det er travelt, tek initiativ og samarbeider godt. Du kommuniserer ope og tydeleg og byggjer tillit. • Relevant høgare utdanning er ønskjeleg, men erfaring frå leiing eller drift kan vege opp • Erfaring med bygg, vedlikehald, økonomi, innkjøp, prosjektleiing eller kyrkje- og gravplassforvaltning er nyttig. • Du må ha førarkort klasse B, gjerne også BE. • Du uttrykkjer deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Vi tilbyr:
• Ei sentral leiarstilling med breitt ansvar og høve til å forme arbeidsmåtane. • Ein meiningsfull jobb i eit engasjert arbeidsfellesskap med mykje erfaring og kunnskap. • Løn etter KA-tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP og Knif. Nysgjerrig? Ta gjerne kontakt med vår rådgivar i Human, Ole Magnus Hundvin på tlf:92 33 11 00 eller kyrkjeverje Sissel Vartdal på telefon 48 99 12 57 for ein uforpliktande prat.
Stillingstype: 100 % fast Arbeidsstad: Førde. Arbeidsområdet omfattar heile Sunnfjord kommune. Søknadsfrist: 29.11.2026