Intensiv sengepost, Haugesund sjukehus
Funksjonsleiar - intensiveininga
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Haugesund
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 10. november
- Lønn ikke oppgitt
Vi søkjer ein funksjonsleiar som vil ta ansvar for både medarbeidarar, fagleg utvikling og dagleg drift ved intensiveininga vår. Her får du ei sentral leiarrolle i ei eining som behandlar akutt kritisk sjuke pasientar og overvaker pasientar etter operasjon. Du blir ein del av leiarteamet i seksjon anestesi/intensiv, som omfattar anestesieining, intensiveining, anestesilegar og palliativt team. Hos oss får du samarbeide med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar, samtidig som du får høve til å påverke utviklinga av både fagmiljøet og pasientbehandlinga.
Er du klar for nye utfordringar og ønskjer å vere med på å utvikle intensiveininga vår? Søk hos oss!
Kva går jobben ut på? Som funksjonsleiar har du fag-, personal- og økonomiansvar for intensiveininga. Du rapporterer til avdelingsleiar og inngår i leiarteamet i seksjonen. Dei viktigaste oppgåvene dine blir å:
• leie og sikre den daglege drifta av eininga • ha ansvar for bemanning, ressursbruk og økonomi • bidra til eit godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsrelasjonar • følge opp, rekruttere og vidareutvikle medarbeidarar • sikre sjukepleiefagleg forsvarleg pasientbehandling og bidra til kvalitetsutvikling • legge til rette for god kommunikasjon og informasjonsflyt Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
• Intensivsjukepleiar/spesialsjukepleiar med interesse for personalleiing • Kunne nytte IT-verktøy som arbeidsredskap • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Leiarutdanning og erfaring frå personalleiing er ein fordel • Erfaring med turnusarbeid er ein fordel Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter ein leiar som er tydeleg, samarbeider godt med andre og har evne til å skape struktur i ein travel arbeidskvardag. Vi ønsker at du:
• arbeider målretta og strukturert • har god oversikt og evne til å prioritere oppgåver og ressursar • kommuniserer tydeleg og samarbeider godt med ulike faggrupper • har forståing for økonomi og god ressursstyring • handterer ein travel arbeidskvardag og tek avgjerder når det trengst Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du:
- •eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- •god opplæring og høve til personleg og fagleg utvikling
- •ei leiarstilling med fagleg ansvar og høve til å påverke utviklinga av intensiveininga
- •stor grad av sjølvstende i arbeidet
- •spennande og utfordrande leiaroppgåver
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Gunnar Helge Sjøen, Leder AIO, 47709138, gunnar.helge.sjoen@helse-fonna.no>
Arbeidsstad Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF