Workfinder

Gol kommune Gol barnehage

Ledig faste stillingar som Barne- og ungdomsarbeidar / fagarbeidar / assistent i Gol barnehage

GolHeltid, Fast, FastFrist 1. november

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Gol barnehage utvidar kapasiteten med fleire barnehagar og avdelingar frå januar 2027, og vi har difor behov for fleire tilsette. Gol barnehage er ei felles overordna organisering av dei kommunale barnehagane i Gol: Breidokk, Vesterhuset og Herad, samt Svøotunet barnehage med seks avdelingar som opnar i januar 2027. På heimesida til Gol kommune finn du meir informasjon om den enkelte barnehagen. I samband med utvidinga søkjer vi fleire dyktige medarbeidarar som ønskjer å bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande barnehagemiljø. Vi ser etter deg som vil vere ein aktiv deltakar i barn si læring og utvikling, og som ønskjer å vere med på å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø. Ved å søkje stilling hos oss no får du moglegheita til å bli ein del av eit fagmiljø i vekst og vere med på eit spanande utviklingsarbeid i Gol barnehage. Dine kvalifikasjonar

  • •Du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning innan barnehagefaget
  • •Du har erfaring frå arbeid i barnehage og er motivert for å ta barnehagefagleg utdanning
  • •Du har gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk dei digitale verktøya Gol kommune nyttar både i administrativt arbeid og i det pedagogiske arbeidet med barna
  • •Du uttrykkjer deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg

Forventningar til deg som søkar

• Kreativ og leiken, og ein trygg og tydeleg vaksen • Aktiv og til stades saman med barna, både inne og ute • Evne til å skape gode relasjonar til barn • Kan motivere og inspirere barn, kollegaer og føresette • Opptatt av barn si utvikling, medverknad og leik • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Bidreg til eit raust, inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø • Lyttande, tillitsvekkande og ansvarsbevisst • Jobbar sjølvstendig og tek initiativ • Deltar i og medverkar til planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar • Er fleksibel, positiv og løysingsorientert Vi kan tilby:

• Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lovverk og tariffavtalar • Løn etter utdanning og praksis • Tydeleg stillingsbeskriving • Gratis treningsordning Anna:

• Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevne • Hallingdal har eiga MiB‑gruppe (Menn i barnehage) – menn blir oppmoda til å søkje • Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram, jf. barnehagelova • Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju og må ta med kopi av vitnemål og attesta Send søknad:

  • •Bruk elektronisk søknadsskjema ved å trykkje på den grøne knappen øvst til høgre: Send søknad. Godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar først).
  • •Godkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med til intervju. Ansiennitet blir rekna ut frå desse.
  • •Alle søkjarar får kvittering for motteken søknad dersom rett e‑postadresse er registrert.

Link til søknadsskjema: Søk her