Vaksenhabilitering, Helse Førde
Psykologspesialist
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Førde
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 12. november
- Lønn ikke oppgitt
Psykiatrisk klinikk, seksjon for vaksenhabilitering har ledig fast 100 % stilling som psykologspesialist. Vi søkjer ein engasjert og dyktig psykologspesialist til eit spennande og variert fagfelt. Vaksenhabiliteringa er eit tverrfagleg team med åtte tilsette og kontorplassar i Førde, Sogndal og Nordfjordeid. Teamet gir ambulante spesialisthelsetenester i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Kontorstad for denne stillinga er Førde. HAVO sine tenester er retta mot vaksne personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Utgreiing og diagnostisering av utviklingshemming og autisme er dei mest sentrale oppgåvene for psykologspesialisten i teamet. Andre oppgåver som er relevante er miljøbehandling og vurderinger i samband med inntak og avslutning av pasienter. Ofte er utfordringane til våre pasienter komplekse og samansette, med somatiske og psykiske tilleggsvanskar som krev tverrfagleg oppfølging. HAVO har to psykologspesialist/psykolog stillingar. Dei øvrige yrkesgruppene i teamet er lege, vernepleiarar, sjukepleiar og spesialpedagog. Arbeidsforma vår er førebygging, støtte og behandling i pasienten sitt heimemiljø, tiltak i akutte kriser og rettleiing. Psykologspesialiststillinga har primært arbeid i poliklinikken, men vekentlege ambulante oppdrag må påreknast. Vi søkjer primært etter ein psykologspesialist med interesse for fagfeltet.
Arbeidsoppgåver
• Nevropsykologisk utgreiing og diagnostisering • Miljøbehandling • Råd og rettleiing til pasientar og samarbeidspartar • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid • Vurdering av henvisninger og pasientinntak • Bidra i fagutvikling • Kurs, undervisning og pasientopplæring Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som psykolog • Kjennskap til og interesse for fagfeltet • Erfaring med utgreiing og nevropsykologisk testing er ein fordel • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk Personlege eigenskapar
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig • Trivast med tverrfagleg samarbeid • Fleksibel og bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø • Personleg eignaheit vil bli vektlagd Vi tilbyr
- •Spennande faglege utfordringar og oppgåver
- •Tverrfagleg og kompetent fagmiljø
- •Opplæring og rettleiing
- •Eit robust og godt arbeidsmiljø
- •Gode pensjons- og forsikringsordningar
- •Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- •Fleksitidsavtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Merete Stavang, Seksjonsleiar Vaksenhabilitering, (+47) 466 29 769
Arbeidssted Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde