Workfinder

Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune

Sjukepleiar - fast dagstilling i Valderøy omsorgsdistrikt, heimebasert omsorg 

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vi har ledig fast 100 % dagstilling som sjukepleiar i heimebasert omsorg frå 11.01.2027.

Stillinga inngår i 12 vekers turnus med kun dagvakter i vekedagane i tillegg til langvakter på dag/kveld kvar 4. helg. I turnusperioden kan det vere mogeleg med ei veke samanhengande fri. I denne stillinga vil ein i tillegg til ordinære sjukepleieoppgåver blant anna ha fokus på prosedyrer, fag og utvikling i nært samarbeid med avdelingsleiar. Ein vil også ha eit tett samarbeid med korttidsavdlingar, tildelingskontor, velferdsteknikar, ergoterapeut, fysioterapeut og kvardagsrehabiliteringsteam. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato. Legg ved dokumentasjon på utdanning og praksis i søknaden.

Arbeidsoppgåver

• Ha ein koordinerande funksjon med fokus på prosedyre, fag og utvikling, og sikre gode overgangar mellom korttidsavdeling, sjukehus og heimebasert omsorg. • Medansvarleg for dagleg vaktinnleige. • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar. • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande. • Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg. • Bidra til eit godt omdømme. Kvalifikasjonar

• Autorisasjon som sjukepleiar. • Erfaring frå stilling i heimeteneste • Ønskelig med erfaring frå koordinering av oppgåver i heimetenesta • God digital kompetanse og beherske velferdsteknologiske løsingar som arbeidsverktøy og fagsystem. • God rettleiarkompetanse. • Førarkort for bil. • Svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar

• Stabil og trygg med god arbeidskapasitet. • Positiv, innovativ, fleksibel og løysingsorientert. • Særs gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig. • Lojal og omsorgsfull. Vi tilbyr

• Spanande fagmiljø med mange ulike arbeidsoppgåver innanfor rehabilitering, kortidspasientar, langtidspasientar og i heimebasert omsorg. • Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper. • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår, men du er sikra løn tilsvarande stigen med 16 års ansiennitet. Kontaktinformasjon Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535

Iren Hovlid, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 41702314

Arbeidsstad Valderøya

6050 VALDERØYA

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5200838437

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 10.11.2026