Universitetet i Bergen
Universitetslektor (20 % ekstraerverv) i medisin (farmakologi)
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Bergen
- Deltid, Åremål
- Frist 13. november
- Lønn ikke oppgitt
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektor Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig åremålsstilling som universitetslektor (20 % ekstraerverv) i medisin (farmakologi) for ein periode på fire (4) år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til søkjaren sin faste hovudstilling som lege (minimum 50 %) ved helseinstitusjon i Bergensregionen.
Vi ser etter motiverte fagfolk som ynskjer å ta del i utdanninga av gode, framtidige lege-kollegaer. Undervisinga er først og fremst knytt til profesjonsstudiet i medisin. Det kan óg verte aktuelt at den som vert tilsett går inn i undervisninga innafor andre studieprogram som høyrer til under fakultetet, etter instituttet/fakultetet sine behov. Det vert forventa høg kvalitet i undervisningsarbeidet.
Arbeidsoppgåver: • Undervisning, rettleiing og tilrettelegging, først og fremst knytt til undervisning i farmakologi på medisinstudiet • Ta del i utvikling av studiekvalitet, til dømes implementering av nye læringsformer • Administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer • Deltaking i instituttet og fakultetet sine faglege aktivitetar
Kvalifikasjonar og eigenskapar: Søkjar må • vere lege (cand.med.-grad) med norsk autorisasjon • ha relevant erfaring innan klinisk farmakologi • ha engasjement og interesse for undervisning • ha gode kommunikasjonsevner • ha vilje og evne til samarbeid • fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse, eller skaffe seg dette innan to år frå tilsetjing Det er i tillegg ønskeleg at søkjar • er spesialist i klinisk farmakologi • har undervisnings- og administrativ erfaring • har brei og relevant klinisk erfaring innan klinisk farmakologi Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga. Det er krav om utdanningsfagleg kompetanse tilsvarande 39 timar. Dersom ein ikkje har utdanningsfagleg kompetanse, må dette skaffast innan 2 år frå tilsetjing. Sjå meir på Enhet for læring. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr: • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling • Løn er for tida kr 655 000 – 705 000 (kode 1009) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde: • Ei kort utgreiing om motivasjonen din for å søkje stillinga • CV • Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar • Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse • To referansar (namn og kontaktinformasjon) Dersom du driv forsking legg du og ved: ● Fullstendig publikasjonsliste
Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Instituttleiar Professor Silke Appel, silke.appel@uib.no. For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Synne A. Campbell (synne.campbell@uib.no) Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.