Workfinder

Ulvik Herad Helse- og velferd

Ulvik søkjer sjukepleiarar!

UlvikHeltid, Fast, FastFrist 6. november

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

På Ulvik Omsorgstun arbeidar me kvar dag for å gi innbyggjarane våre trygge og gode helse- og omsorgstenester. No søkjer me ein sjukepleiar som vil vere med i eit lite fagmiljø med godt samarbeid og høg fagleg kvalitet.

Om stillinga Som sjukepleiar på Ulvik Omsorgstun har du varierte oppgåver på sjukeheim og i heimetjenesta. Du har for tida arbeid kvar fjerde helg med arbeidstid på dag og kveld og beredskapsvakter på natt. Noko som ofte gir gode friperioder i turnusen.

Oppgåver

  • •Fagleg ansvar for vurderingar, tiltak og planlegging
  • •Kliniske vurderingar, tiltaksplanar og legemiddelhandtering
  • •Ansvarsvakt og leiing av team
  • •Beredskapsvakt på natt
  • •Pleie, omsorg og oppfølging av pasientar i sjukeheim og heimesjukepleie
  • •Observasjon, dokumentasjon og samarbeid i tverrfagleg team
  • •Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • •Samhandling med pasientar og pårørande
  • •Rettleiing av kollegaer og studentar

Kvalifikasjonar Må-krav

• Autorisasjon som sjukepleiar • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2) • Må kunne leggje fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova §5-4. Ynskja kvalifikasjoner

• Førarkort klasse B • Erfaring frå kommunal helse og omsorgstjeneste Personleg eignaheit vert vektlagt Kven ser me etter? Me ser etter deg som

• Arbeider sjølvstendig og godt i samarbeid med andre • Tek faglege vurderingar i møte med pasientar • Bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Me tilbyr

  • •Rekrutteringstillegg kr 12000
  • •Årsturnus med moglegheit for påverknad
  • •Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • •Arbeidsplass i moderne lokale og tilgang til gode tjenestebilar
  • •Ein jobb i verdas vakraste bygd
  • •Dyktige kollegaer med høg fagleg standard
  • •Hos oss får du jobbe i eit lite fagmiljø der ein samarbeider tett, deler kompetanse og utviklar seg fagleg gjennom fagundervisning i turnus og fagdager.
  • •Flyttegodtgjersle ved flytting til Ulvik herad etter gjeldande retningslinjer (med 100% dekking av flytteutgifter)

Kvifor jobbe hos oss? Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 40 årsverk. Tenestene omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi og ergoterapi, psykisk helse og rus og dagtilbod. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.

Om Ulvik Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden finn du Perla i Hardanger - Ulvik. Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, frukt- og sidertradisjonar og eit rikt kulturliv. Meir informasjon finn du på Ulvik kommune og Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com)

Link til søknadsskjema: Søk her