Nevropsykologisk poliklinikk, Haugesund sjukehus
Nevropsykolog
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Haugesund
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 11. november
- Lønn ikke oppgitt
Vi søker psykolog/psykologspesialist/nevropsykolog i 100 % fast stilling frå 01.01.27. Saman med fem andre psykologar/psykologspesialistar og tre testteknikarar, inkludert eit velutstyrt nevropsykologisk testlaboratorium, vil du arbeide i eit sterkt og engasjert fagmiljø. Her blir nevropsykologiske undersøkingar nytta aktivt for å forstå kvardagen til pasienten og gi reell nytte i diagnostikk, behandling og tilrettelegging. Du vil arbeide ved nevropsykologisk poliklinikk i Haugesund, som har ei særstilling i Norge. Vi tek imot pasientar i alle aldrar og med eit breitt spekter av problemstillingar, med eller utan somatisk eller psykisk liding. Vi får direkte tilvisingar frå fastlegar, somatiske avdelingar, DPS og BUP. Vi har eit sterkt fagleg engasjement for utgreiing og behandling der det er nyttig, og legg til rette for fagleg fordjuping og fornying. For deg som ønskjer det, finst det gode moglegheiter for forsking og fagleg utvikling i eit miljø med høg kompetanse og sterk kollegial støtte.
Kva går jobben ut på?
• Nevropsykologisk poliklinikk har ansvar for barn og vaksne frå både somatisk og psykisk helsevern som treng utgreiing og/eller oppfølging relatert til nevropsykologiske problemstillingar. • Rådgiving og støttefunksjon for BUP/DPS.. Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
• Psykolog med norsk autorisasjon. • Du må enten ha spesialisering i nevropsykologi eller ha interesse for å bli spesialist i nevropsykologi. • Erfaring eller interesse for nevropsykologiske undersøkelser og testverktøy er ein fordel. • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, C-1 nivå påkrevd for personar utan norsk som hovudmål. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du:
• er strukturert og kan formulere deg kort og presist • ansvarsbevisst og effektiv • fleksibel • gode kommunikasjonsevner • bidreg til eit godt arbeidsmiljø • engasjert • likar varierte utfordringar Kvifor skal du velje oss?
- •Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- •Triveleg arbeidsmiljø
- •Høgt fagleg nivå
- •Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- •Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- •For psykologar i spesialisering tilbyr vi eit komplett utdanningsforløp, med opptening av ei veke permisjon per år for å skrive spesialistoppgåva
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Monica Haraldseid Breitve, Funksjonsleiar, +47 91641047, monica.breitve@helse-fonna.no
Arbeidsstad Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF