Workfinder

Teknisk

Leiar for plan, bygg, oppmåling og miljø

Bø I TelemarkHeltid, Fast, FastFrist 28. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Vil du vere med å forme framtida i Midt-Telemark? Då håpar vi å høyre frå deg! Midt-Telemark kommune er ein kommune i vekst med stor aktivitet innan bygg, arealforvaltning og samfunnsutvikling. No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert leiar til eit viktig fagområde i kommunen.

Som leiar for plan, bygg, oppmåling og miljø får du ei sentral rolle i utviklinga av lokalsamfunnet. Du vil leie eit fagmiljø med ansvar for reguleringsplanar, byggesaker, oppmåling og saker etter forureiningslova. Gjennom arbeidet ditt er du med på å leggje til rette for gode og framtidsretta løysingar for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn.

Eininga består i dag av åtte dyktige og engasjerte medarbeidarar. Som leiar har du ansvar for fagleg kvalitet, økonomi og personal, og du vil vere ein viktig samarbeidspartnar både internt i kommunen og overfor innbyggjarar, utbyggjarar og andre aktørar.

Vi ser etter deg som trivst med leiing, samarbeid og utviklingsarbeid, og som ønskjer å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø og gode tenester.

Arbeidsoppgåver

• Leie eininga • Ivareta kvaliteten og følge opp sakshandsaming • Være pådrivar og delta i samfunnsutviklinga i Midt-Telemark • Delta i kommunalsjefen si leiargruppe • Delta i kommunalt planarbeid • Delta i politiske møter Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjoner:

• Relevant utdanning på høgskule eller universitetsnivå • Leiarutdanning eller relevant leiarerfaring • God og oppdatert kunnskap om plan- og bygningslova • God økonomi- og budsjettforståing Ønska kompetanse

• Arbeidserfaring innan fagområda • Søkjar bør kunne meistre begge målformer Personlege eigenskapar

  • •Vi søker deg som brenn for samfunns og arealplanlegging
  • •Du må være opptatt av ei ryddig og effektiv saksbehandling
  • •Evne til å bygge relasjonar gjennom involvering og medverknad
  • •Uttrykke tydelege forventningar, gje støtte, utvikle og inspirere medarbeidarar
  • •Evne til å arbeide målretta og systematisk

Personlege egenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr

• Hyggelege, motiverte og kunnskapsrike kollegaer • Fagleg og personleg utvikling • Lønn etter avtale • Introduksjonsprogram for nye ledere i Midt-Telemark kommune • Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju. Kontaktinformasjon Hans Kortner Ryen, Kommunalsjef Teknisk, +47 91339201

Arbeidsstad Gullbringvegen 20

3800 BØ I TELEMARK

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5189705311

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.10.2026