Åheim skule, Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Lærarvikar 2026-27 - inntil 100% stilling
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Åheim
- Heltid, Vikariat, Vikariat
- Frist 7. november
- Lønn ikke oppgitt
Vi har ledig lærarvikariat ved Åheim skule ut skuleåret. Stillinga omfattar i hovudsak undervisning i engelsk i ungdomstrinnet, i tillegg til individuell tilrettelagt opplæring for elevar i faga norsk, engelsk og matematikk. Har du tysk i fagkretsen, så er det ein fordel. For snarleg tilsetting.
Arbeidsoppgåver Vi ønskjer lærarar med god kompetanse i klasseleiing og fag, gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit sterkt profesjonsfellesskap. Åheim skule har behov for lærar med godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen. Vikariatet er 100% stilling, men det vil også kunne vere mogleg å arbeide i redusert stilling.Kvalifikasjonar - allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10 eller praktisk -pedagogisk utdanning (PPU) - ønskjeleg med minimum 30 eller 60 studiepoeng i basisfag - anna relevant utdanning kan bli vurdert - ønskjeleg med erfaring frå læraryrket - god pedagogisk digital kompetanse - god kompetanse i norsk, både munnleg og skriftleg - personlege eigenskapar vil blir vektlagde ved intervju og referanse Personlege eigenskapar - er utviklings- og løysingsorientert - er ein tydeleg, robust og trygg klasseleiar - tenkjer heilskapleg om elevane sitt oppvekst- og læringsmiljø - er omgjengeleg, initiativrik og fleksibel. - planlegg og gjennomfører undervisning med god kvalitet - har god vurderingspraksis som fremjar elevane si læring - deltek aktivt i skulen sitt utviklingsarbeid - bidreg til eit godt arbeidsmiljø - fremjar eit godt samarbeid mellom skule og heim
Tilsetjing skjer med atterhald om godkjent politiattest
Vi tilbyr Løn og tilsetjing på kommunale vilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Vanylven kommune tilbyr gode rekrutteringstillegg (jfr. lønspolitisk plan) og gode pensjonsordningar.
Søknad skal sendast via kommunen sitt elektroniske søknadssystem. CV skal registrerast i søknaden. Vi ber om at du gir opp referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Kontaktinformasjon Lena Marie Landsverk, Rektor Myklebust skule, 45227168, lena.landsverk.sande@vanylven.kommune.no
Arbeidsstad Ospelida 4
6146 Åheim
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vanylven kommune